Stallen – Kl 21:00, Kr 250/200
Slettahjell er utan tvil ein av våre beste songarar og overalt der ho opptrer begeistrar ho publikum. I oktober i fjor var Solveig Slettahjell igjen aktuell med nytt album, Antologie eit reint duo-album med pianist Morten Qvenild, der dei gjer sine favorittlåtar av sine favorittartistar i ny drakt.
Albumet har sidan sleppet vore høgt på VG-lista og andre albumlister, og Slettahjell fulgte opp med sin mest omfattande Noregsturné nokonsinne. I februar/mars vart albumet gitt ut i Tyskland etterfulgt av fire veker med turné. Mottakinga har vore overveldande og det fins ikkje mange stemmer i landet som rører slik Solveig Slettahjell gjer.